Den norske pianisten Rune Alver under ein av konsertane i Kunming. (Foto: TCG Nordica/Facebook)

Fann tonen i Kina

Pianisten Rune Alver skapte musikalsk og kulturelt samspel i Kunming. 

– Det var eit eventyrleg opphald, fortel pianisten Rune Alver, som har vore ein av dei norske utøvarane med kunstnaropphald på TCG Nordica i Kunming denne våren og sommaren. Det kinesiske kultursenteret i provinsen Yunnan samarbeider tett med Areopagos.

 Etter nokre kommunikasjonsproblem med dei tilsette på det kinesiske kultursenteret, blei det «ei spennande utveksling kulturelt, artistisk og menneskeleg.» Alver rosar det unge teamet på TCG Nordica for stor profesjonalitet. 

– Dette er eit veldrive kultursenter i rivande utvikling, seier han.  

Viktig å få kulturen ut til folket

Eit viktig arrangement under Alver sitt opphald, var «11 + 1», ei kunstutstilling som kultursenteret arrangerte i samarbeid med det store kjøpesenteret Shun Chen.

På opningsdagen hadde pianisten ein konsert på kjøpesenteret før sjølve opninga på kultursenteret.

– Eg har tru på at dette samarbeidet mellom kultur og kommers kan skapa ei spennande framtid i Kunming. Det er viktig å få kulturen ut til folket, seier Alver.

Uvanleg improvisasjon

Eitt av verka som den norske pianisten fascinerte publikum under opningskonserten på TCG Nordica var ein uvanleg improvisasjon.

– Eg spelte saman med dei unge bildekunstnarane som stilte ut i samme lokale. De spelte med hender og pinnar på den norske kunstneren Alfred Vaagsvold sine lydskulpturer av metall, som blei laga for denne utstillinga. Lyden blei god og klangane blei spennande, fortel Alver, som hadde designa eit preludium, nokre intermezzi og noen samspels-sekvensar spesielt for dette høvet.

Unge bildekunstnarar improviserer på lydskulpturane til Alfred Vaagsvold i samspel med Rune Alver. (Foto: TCG Nordica)

Rune Alver hadde fleire konsertar under opphaldet, med både norsk musikk av komponistar som Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Catharinus Elling og Harald Sæverud – og kinesisk musikk av Ping Hu Qiu Yue, Wang Jianzhong og Bright Sheng. Han spelte også saman med den berømte pipa-artisten Yang Yu.

– Ho er ein særs dyktig musikar, som eg håpar me kan få til Noreg snart, seier Alver med ettertrykk.

Pianisten Rune Alver og pipa-artisten Yang Yu i Kunming. (Foto: TCG Nordica/Facebook)

Kvifor driv ein dialogorganisasjon med kunstutveksling? 

I tillegg til Rune Alver sitt kunstnaropphald på kultursenteret, står Areopagos bak fleire slike kunst-utvekslingar mellom Noreg, Danmark og Kina kvart år.

– Me legg til rette for mykje av det praktiske og gir noko økonomisk støtte til opphalda, fortel Raag Rolfsen, som er direktør i Areopagos.

– Men kvifor driv ein dialogorganisasjon med kunstutveksling?

– Gjennom ikkje-verbale møte i kunsten kan me nærma oss det eksistensielle på ein annan måte enn gjennom samtaleforma. Kunst kan realisera fellesskap og gjensidigheit der språkbarrieren er til hinder, og han kan frigjera kommunikasjonen der ord set grenser.  

Rolfsen viser også til TCG Nordica sin formålsparagraf, nemleg at dei skal «stimulera til refleksjon om menneskeverd gjennom ulike kunstformer».

– At kunstnarar møtest og utøver kunst saman på tvers av ulike grenser, og lar publikum ta del i dette – det ligg det stor mellommenneskeleg respekt i. Det møtet er bærar av verdiar me sluttar oss til og vil støtta opp om. 

Bottom