Folk rundt bord klippar fastelavnsroser i papir

Kyrkjelyden i Sand og Areopagos held verkstad for fastelavnsroser i Sand kyrkje. Foto av Ann Kristin van Zijp Nilsen

Inn i fasta med saks og papir

På Sand vert det roser til fastedekorasjon i år, og det er faktisk ikkje noko nytt og hypermoderne.

Fastelavnsris, ja, og -bollar kjenner ein. Men roser? 

– Då eg var liten, viste far min noko eg aldri hadde sett: eldgamle «fastelavnsroser». Dei var gitt av ei eldre kvinne til museet han jobba på, fortel Ann Kristin van Zijp Nilsen som jobbar i Areopagos og er oppvaksen på Sand i Ryfylke. Rosene ho snakkar om, er ein enkel, heimelaga papirpynt som folk på Sand hengde på ei grein av gran inne i gangen for å markere at fastetida tok til. I dag kjenner svært få i bygda til dette. 

Heidersgjesten 

Men endeleg er høvet komen for å vekkje opp tradisjonen som har sove så lenge. Nilsen vitjar Areopagos si samarbeidskyrkje på Sand sundagen før faste og innbyr til verkstad.

Soknerådsleiar Ernst Berge Drange (til høgre) er bygdebokskrivar og har med seg kopiar av nokre nesten 100 år gamle roser frå Ryfylkemuseet. Heidersgjest Bjørg Jørgensen (94) – som gav rosene til museet for over 30 år sidan – er med for å fortelje og vise korleis ho laga slike roser i barndomen.

Ann Kristin van Zijp Nilsen (til venstre i bildet) både inspirerer til faste – og senkar høge fasteskuldrer – ved å fortelje om faste sett frå ulike vinklar, tider og religionar.

«Faste dreier seg ikkje berre om å la vere å ete eller la vere andre ting, men om å rette merksemda mot Gud. I fastetida kan me øve oss på det som er viktig for oss. På å skjerpe sansane. På å få auge på vårt eige liv, menneska rundt oss, og Gud.»

– Ikkje vanskeleg

Medan Nilsen fortel, sit folk rundt langbordet i midtgangen på kyrkja og øver seg i denne ny-gamle skikken. Borda er lånte på kulturhuset og saksene på bedehuset. Ei bunke med farga papir er kjøpt inn av soknerådet.
– Me juksa litt og har med papirlim for dei som ikkje vil sy, fortel Nilsen.

– Eg hadde aldri høyrt om denne tradisjonen før, seier Marita Husevåg Hellesen frå Sand. Ho klipper ei blå og lilla rose og får høyre frå Bjørg Jørgensen at nettopp bestemor hennar laga slike då ho vaks opp.

– Det er så kjekt å lære, synest Husevåg Hellesen. Ho klipper tre taggete sirklar i ulike storleikar, og syr dei saman med ein kross klippa ut i papir på toppen. 

Egil Aarthun sit også ved bordet. Han er nøgd med at aktiviteten ikkje er vanskelegare enn dette:
– Me hadde jo ikkje sett desse rosene på førehand, så eg trudde det var meir avansert, seier han og ler. Aarthun er glad for å  kunne vere i kyrkja utan å måtte synge salmar, be og gå til nattverd.
– For slikt gjer ikkje eg. 

Nettopp difor ynskjer soknerådet å ha arrangement som ikkje er ei vanleg gudsteneste. 

– Men det er også for å halda fast på rytmen med at «søndag er kyrkjedag», sidan det ikkje er gudsteneste her kvar veke, seier soknerådsleiar Ernst Berge Drange.
Og folk kjem, denne kvelden er dei ein god blanding av folk som plar gå i kyrkja, og dei som ikkje er her så ofte. Jamvel har nokon køyrd langt for å klippe roser og høyre om faste. 

Vil inspirere norske kyrkjelydar

Denne kvelden er ein del av samarbeidet mellom kyrkjelyden og organisasjonen Areopagos, gjennom ein såkalla misjonsavtale. Med eit slikt samarbeid tilbyr Areopagos inspirasjon og påfyll gjennom føredrag og anna, medan kyrkjelyden støttar organisasjonen med forbønn og offer frå nokre gudstenester. 

– Me opplever at me får meir enn me gir i dette samarbeidet, seier soknerådsleiaren. Partane fornyar avtalen høgtidelig denne søndagen, med å skrive under kontrakt for tre nye år. Og folka rundt bordet ser også nøgde ut, og har det slett ikkje travelt med å gå heim. Dei klippar og pratar og blir verande ein lang stund før dei tar med seg fargeglade papirroser heim. 

Kyrkja har langbord i midtgangen der folk sit og klippar fastelavnsroser i papir.

Stemningen er gemyttlig på verkstad i Sand kyrkje.

– Sidan me i Areopagos også er opptatt av det skapande mennesket, er eit arrangement som dette midt i blinken å samarbeide om. Me vil bidra til inspirasjon i norske kyrkjelydar på ein måte som passar for dei, seier Ann Kristin van Zijp Nilsen. Ho fortel at det kan bety alt frå kvardagsretreatar eller kveldskurs om «Fra barnetro til voksen og moden tro» til føredrag om religionsdialog og ulike former for kristen truspraksis.  

– Mange kyrkjelydar opplever dette som utbyterikt, samtidig som Areopagos er avhengig av økonomisk støtte, så dette er eit vinn-vinn-opplegg for begge partar. 

Fastelavnsroser i Sand kyrkje

Bjørg Jørgensen (til venstre) og Ann Kristin van Zijp Nilsen frå Areopagos, presenterar den lokale Sand-tradisjonen fastelavnsroser. Foto av Hanna Maria van Zijp Nilsen

Gjør en forskjell

 

 

Bottom