Luo Fei og Su Yabi er i Noreg på kunstfestival våren 2017. (Foto: Tone L. Walgermo)

Kinesisk kunst i Lillesand

– Kunsten speglar trua, men han er ikkje religion, seier Luo Fei. 

– I Noreg føregår alt mykje saktare enn i Kina. Me er vane med høgt tempo i eit land som utviklar seg raskt. Her har me fått eit pusterom med frisk luft og vakre naturopplevingar, seier Luo Fei.

Den kunstnariske leiaren på kultursenteret TCG Nordica i Kunming i provinsen Yunnan, som samarbeider tett med Areopagos, er i Noreg saman med to andre kunstnarar. Dei deltar på kunstfestivalen «Forsoning og nåde», eit utvekslingsprosjekt som Areopagos står bak saman med andre partnarar, og stiller ut i Lillesand denne påska. Ei av dei er Su Yabi, som både er utøvande kunstnar og kunstlærar på universetet i Dali, ein by i same provins. 

Det er første gong ho er i Noreg, og tykkjer det er ei stor oppleving å få tid til å jobba så mykje med detaljane i utstillinga, så objekta fungerer best muleg i rommet. Det er ho ikkje vane med.

Su Yabi sine mjuke skulpturar av ståltråd viser kvardagsobjekt. (Foto: TCG Nordica)

Leitar etter ei poetisk stemning

Til Lillesand kunstforening har ho tatt med seg mjuke skulpturar av ståltråd, som viser vanlege ting frå dagleglivet – som ein kjole, ei skjorte, ein lampe, ein kopp.

– Strukturen i arbeida er kompleks, og det ligg mykje arbeid bak. Men eg vil at publikum skal oppleva objekta som lyse, lette og gjennomsiktige, i motsetning til dei tunge tinga som vanlegvis omgir oss. Eg leitar etter ei poetisk stemning, som dirrar i motsetninga mellom det tunge og det lette, fortel ho. 

Her kan du lesa eit engelsk intervju med Su Yabi om kunsten hennar gjort av Luo Fei.

Frå Luo Fei sin performance i Lillesand kunstforening (foto: Grethe Raddum)

Klar til å springa ut som ein blom 

Luo Fei stiller ut bilder av ulike performanceverk han har gjort tidlegare, i tillegg til å gjera performance på galleriet. Til opninga av utstillinga gjorde han performancen Blomstring.

– Den handlar om følelsen min då eg kom hit. Det er ikkje heilt vår ennå, men eg føler livet blomstrar frå innsida og er klart for å springa ut. Ein kan tolka det på ulike måtar, at det handlar om naturen. Men ein kan også tolka det i ei åndeleg retning eller at det handlar om menneskerettar.

Onsdag 5. april snakkar han om forsoning og nåde i kinesisk samtidskunst klokka 19.30 i Lillesand kunstforening.

Vil få folk til å tenkja

Heime i Kunming har kunstgalleriet og kultursenteret TCG Nordica eit overordna mål om å få folk til å reflektera meir over mennesket sin verdi.

– Senteret vil stimulere til at noko skjer i folk sine hjarte og sinn. Det er ein viktig samanhang mellom kunnskap, følelsar og verdiar, seier han.

– Grunnleggjarane og leiarskapet ved senteret, inkludert eg, er kristne. Ikkje alle som jobbar der er det, men verdiane er baserte på det. Nokre slike verdiar er allmenne og er lette å akseptera som gode og fine i samfunnet, andre kan opplevast meir utfordrande, fortel Luo Fei. Ein viktig del av jobben hans er å kommunisera på tvers av livssyn. Han meiner at det ikkje er noko kulturelt tabu å snakka om religion i Kina.

– Eg snakkar for eksempel svært gjerne med vennene mine som er buddhistar om dei ulike måtane me praktiserer trua vår på.

Kunst er ei gåve frå Skaparen

Som kristen ser han på mennesket sin evne til å skapa kunst som ein del av gavene frå Skaparen.

– Og kunsten speglar noko av det ein trur på. Men kunsten er sjølvsagt noko heilt eige i seg sjølv, ei eiga forteljing som ikkje er det same som religion. Den kan opna andre dører, byggja andre bruer.

Su Yabi er også kristen.

– Det viser ikkje i kunsten min, seier ho. På overflata er det ingen teikn til det eg trur på. Men langt nede finst det ein djup samanhang. 

 

FORSONING OG NÅDE

  • kunstfestival i Lillesand Kunstforening 1.–16. april 2017
  • seks utstillande kunstnarar: Luo Fei, Su Yabi, Zhu Jiuyang, Julie Arntzen, Laila Kongevold og Gunnar Torvund
  • arrangert som eit samarbeid mellom Areopagos, TCG Nordica, Norsk Forfattersentrum Sørlandet, Lillesand Kirkeakademi og Lillesand kommune/Den kulturelle skolesekken
  • støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Sparebanken Sør og Aust-Agder fylkeskommune

Bottom